Prisdryss til Taylor Swift på VMA
0
Verdsstjerna Taylor Swift innkasserte i natt norsk tid sju nye MTV Video Music Awards-prisar.
Fyrst tangerte ho Beyoncé, som på byrjinga av kvelden hadde rekorden for flest slike prisar. Sistnemnde var òg nominert, og kunne dermed auka på i løpet av utdelinga i New York.
Med til saman tolv nominasjonar passerte Swift så rekorden på 30. Ho fekk mellom anna prisen for årets samarbeid saman med Post Malone. Dei to vann òg hovudprisen – Årets musikkvideo, skriv NTB.
Dagen før MTV-utdelinga gjekk superstjerna ut med støtta si til Kamala Harris, etter TV-debatten mellom Harris og Trump. Onsdag kveld nytta Swift høvet til å oppmode tilhengarane sine til å røyste.