ru24.pro
World News
Сентябрь
2024

Forseinkingar på Bergensbanen etter at tog traff stolpe

0
NRK.no 

Fleire tog er forseinka og kan bli innstilt etter at det blei stans på Bergensbanen måndag ettermiddag. Eit tog frå Bergen til Oslo skal ha køyrd på eit utliggar-stolpe, og det førte til straumproblem, opplyser Vy til BT.

– Toget har køyrd på ein utstikkar som tilhøyrer kontaktleidningsanlegget, og knust ruta på toget, seier Øystein Stavdal Paulsen, pressevakt hjå Bane Nor til NRK.

Hendinga skjedde mellom Trengereid og Arna.

– Skaden på eine frontruta gjorde at dei måtte snu lokomotivet på Voss for å få ei uskadd frontrute på veg mot Oslo, held Paulsen fram.

Togbana opna att rundt klokka 19. Toget som traff stolpen vart ein dryg time forseinka til Oslo, og neste avgang kan bli ytterlegare forseinka.

– Det er opna att mellom Dale og Arna, men kan vere forseinkingar og enkelte innstillingar. Følg med i Vy-appen, seier Vys kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby til NRK.