Stavanger kommune held tilbake partistøtte til Stavanger Høgre
Bystyregruppa til Høgre i Stavanger får sterk kritikk i revisorrapporten for 2023. Kommunen held no tilbake 700.000 kroner som partiet skulle hatt, skriv Stavanger Aftenblad.
Revisor peikar blant anna på mangelfull dokumentasjon på kostnader og svak internkontroll, skriv avisa.
– Vi held tilbake ein del av midla til bystyregruppa til vi har fått avklaring på ein del punkt, seier leiar for politisk sekretariat i Stavanger kommune, Hanne Navdal Vatnaland.
Pengane som blir halde tilbake er om lag 15 prosent av den totale stønaden partiet skal ha frå kommunen.
Fungerande leiar for bystyregruppa til Høgre i Stavanger, Hilde Karlsen, seier dei ikkje har plikt til å følge bokføringslova.
– I retningslinjene til Stavanger kommune står det at vi skal ha rekneskap med godkjend revisorberetning, og det har vi. Dei punkta revisoren peikar på har vi teke tak i og justert våre interne rutinar, seier ho til avisa.