Bama oppmodar til kjøp av norske plommer
Fruktleverandøren Bama oppmodar kundar om å kjøpe norske plommer i butikk. Det kjem fram av ei pressemelding torsdag. I same melding skriv dei at dei ikkje importerer utanlandske plommer i norsk sesong.
– Det som måtte vere igjen av importerte plommer i butikkane no er i nokre få butikkar, og er importert før den norske sesongen.
Vidare står det at utfordringa i år har vore ein ekstremt god plommehaust, som har gitt 200 tonn meir plommer enn venta.
I pressemeldinga står det at «når slikt skjer, går alle aktørane saman om å prøve å selje enno meir gjennom auka aktivitet og kampanjar overfor forbrukar».
Målet til fruktleverandøren, som leverer til Norgesgruppen og Rema 1000, er no å selje så mykje av dei 200 tonna som mogleg.
– Vi gjer alt som står i vår makt for å selje norske plommer.