Kan framleis verta TV-streik
0
Filmforbundet og Virke meklar framleis fleire timar på overtid.
Dei hadde eigentleg frist til midnatt med å verta ferdige, men vart einige om å fortsetta forhandlingane.
Rundt 400 fagorganiserte kan verta tekne ut i streik i fyrste omgang viss dei ikkje vert einige.
I så fall kan kjente program som Farmen og 71 grader nord verta påverka.
I meklingane har Filmforbundet peikt på at TV-bransjen går godt, samstundes som at mange at medlemmene deira er prosjekttilsette, og difor ekstra sårbare.
Like etter klokka 23 tysdag sa meklar Inger-Marie Landfald til NRK at samtalene var vanskelege.