ru24.pro
World News
Август
2024

UNHCR: Mistanke om 40 m-koppetilfelle blant kongolesiske flyktningar

0
NRK.no 

Virussjukdommen m-koppar har smitta fleire titals flyktningar og fordrivne aust i Kongo, opplyser FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR).

FN er djupt bekymra fordi det er vanskeleg å nå dei smitta. I tillegg bur dei i folkerike leirar, noko som gjer det vanskeleg å hindre spreiing.

Ifølgje Allen Maina i UNHCR er det snakk om rundt 40 tilfelle.

Ekspertar trur den nye varianten av m-koppar, som har spreidd seg raskt i delar av Sentral-Afrika, truleg er meir smittsam enn ein tidlegare variant, og at han kan forårsake meir alvorlege infeksjonar. (NPK)