ru24.pro
World News
Август
2024

To tunnelar på E16 i Aurland stengde

0
NRK.no 
E16 Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen i Aurland er stengde på grunn av brann i tilhengaren på ein lastebil, som står mellom dei to tunnelane. Lastebilen står på vegskulder ved avkøyringa til Undredalen. Årsaka til hendinga er ukjent. Det brenn truleg frå eit dekk på hengaren, som er fråkopla. Sjåføren melde sjølv frå om hendinga. Brannvesenet er på staden og har starta med sløkking. Ifølgje politiet er det ingen personskadar.