ru24.pro
World News
Август
2024

Ulv skoten i Verdal

0
NRK.no 

Måndag kveld blei ein ulv skoten i Verdal.

– Me fekk fellingstillating for to veker sidan på grunn av at han hadde revet mykje sau. Det er dokumentert 16 kadaver.

Det seier rådgjevar for skog og utmark i Verdal kommune, Roar Leirset.

Ulven har operert i Verdal, Meråker og på svensk side av grensa. Og i føremiddag såg kommunen ulven på viltkamera og mannskap blei rykka ut for å felle ulven.

– Det er ein vanskeleg art å jakte på og i Trøndelag har me lite trening på å jakte på ulv, legg Leirset til som rosar dei involverte jaktlaga.

Totalt har 13 personar frå Verdal, Levanger og Meråker vore på jakt etter ulven i kveld. Ulven blei skoten med han var på veg etter ein saueflokk.

– No håpar me det ikkje dukkar opp fleire kadaver og at me har lukkast med å få ut ulven og at det berre var ein. Men det veit ein aldri, seier Leirset.

Det var Adresseavisen som meldte om ulven først.