ru24.pro
World News
Август
2024

Sverige: Fleire born mistenkt for drapsplanar

0
NRK.no 

Svensk politi melder om drapsoppdrag som vert lagt ut i sosiale medium, og stadig fleire mindreårige som tek oppdraga i von om betaling.

Nye tal frå påtalemakta viser at 93 barn under 15 år er mistenkt for innblanding i drapsplanar, skriv SVT.

Det kan dreie seg om drap som er gjort, medverknad til drap eller drapsforsøk.

– Inntrykket mitt er at dette er ein bevisst strategi frå dei kriminelle nettverka våre. Det er uhyre effektivt og brutalt, seier Hanna Paradis ved Nationella operativa avdelinga (NOA).

Ho beskriv dødslister som vert lagde ut i sosiale medium og på krypterte meldingstenester som Telegram. Listene består av namn på personar som kriminelle vil få rydda av vegen.

Kvart av namna har ein prislapp som kan vere på opptil ein million svenske kroner.

I nokre tilfelle kan det gå berre nokre timar frå eit drapsoppdrag vert lagt ut, til eit brotsverk er gjort.

(NTB)