FN: Fordømmer vald og drap mot hjelpearbeidarar
– Normaliseringa av vald mot hjelpearbeidarar og mangelen på ansvar er uakseptabelt, samvitslaust og enormt skadande for hjelpeoperasjonar overalt, seier Joyce Msuya, fungerande direktør for FN sitt kontor for koordinering av humanitære saker (OCHA), i ei fråsegn på verdas humanitære dag.
Totalt 280 hjelpearbeidarar vart drepne i 2023. Det melder nyheitsbyrået AFP.
– Med 280 hjelpearbeidarar drepne i 33 land i fjor, markerte 2023 det dødelegaste året nokosinne for det globale humanitære samfunnet.
Over halvparten av dødsfalla i 2023 var hjelpearbeidarar drepne i Gaza i løpet av dei tre fyrste månadene av krigen mellom Israel og Hamas.
Dei fleste av desse var lokale hjelpearbeidarar som vart drepne i israelske luftåtak. Totalt utgjer talet 163 hjelpearbeidarar.