ru24.pro
World News
Август
2024

Nytt israelsk utspel mot Noreg

0
NRK.no 

Utanriksminister i Israel, Israel Katz skriv på X at han lovar «å handle mot dei som handlar imot» Israel.

Bakgrunnen for utspelet er at Noreg førre veke stengde det representative kontoret i byen Al-Ram på Vestbreidda, etter at Israel vedtok å trekkje tilbake akkrediteringa til dei norske diplomatane som jobba der.

Katz skriv på X at han gjorde dette «på grunn av Noregs anerkjenning av ein palestinsk-Hamas-stat etter massakren 7. oktober, og deira støtte til utferdinga av arrestordre mot statsminister Benjamin Netanyahu og israelske toppembetsmenn».

I over 30 år har kontoret på Vestbreidda i praksis fungert som Noregs ambassade i dei palestinske områda.

Vestbreidda er okkupert av Israel, og diplomatane der har operert med Israel si velsigning.

Den velsigninga trekte Israel tilbake 8. august.

– Det er jo ikkje slik at dei har bede oss dra frå Israel. Dei har nekta oss å arbeide på palestinsk land. Det er eit ganske ekstremt tiltak, sa Noreg utanriksminister Espen Barth Eide om saka på fredag.