ru24.pro
World News
Август
2024

Vulkanutbrudd i Russland etter jordskjelv

0
NRK.no 

Ein av Russlands mest aktive vulkanar, Shiveluch har fått utbrot, og spyr store oskesøyler opp i atmosfæren, skriver Sky News.

Vulkanen ligg på Kamtsjatka-halvøya på austkysten av Russland, nordaust for Japan.

Flytrafikken er i beredskap.

Utbrotet vart utløyst av eit kraftig jordskjelv med styrke 7,0 utanfor halvøya laurdag kveld, ifølgje US Geological Survey (USGS).

Det førre store utbrotet frå vulkanen var i 2007.

Etter skjelvet kom det meldingar om "kraftige ristingar" og "moderat til stor skade" i den næraste byen Petropavlovsk-Kamtsjatskij, med folketal på over 150 000 menneske.

Ifølgje Kamtsjatka Volcanic Eruption Response Team (KVERT) har fly fått utstedt eit "kode raud"-varsel, det høgaste varslingsnivået for ei betydeleg mengd oske i atmosfæren.

Dei skildrar eksplosjonar frå Sjivelutsj-vulkanen som sender oske opp fem kilometer i lufta, med oskesøyla som strekkjer seg om lag 1500 kilometer mot aust-søraust.