ru24.pro
World News
Август
2024

Eide om Israel: – Dei prøver å single oss ut som annleis

0
NRK.no 

Laurdag uttala Oren Marmorstein, ein talsperson for det israelske utanriksdepartementet, at Noreg er ekstrem, einsidig, og anti-israelsk.

Det reagerer utanriksminister Espen Barth Eide på søndag morgon.

– Eg trur dette berre er eit uttrykk for at dei er stressa over at vi har fått massiv støtte frå USA, EU, Storbritannia, Tyskland.

Det skjedde etter at Israel trekte tilbake den diplomatiske statusen til fleire norske diplomatar.

– Dei prøver å single oss ut som annleis, men vi har berre peika på at Israel er nøydd til å forhalde seg til folkerett og humanitærrett i krigføringa si.