ru24.pro
World News
Август
2024

Politiet avslørte kvar Märtha Louise og Durek Verrett blir vigde

0
NRK.no 

I dokument frå Møre og Romsdal politidistrikt kjem det fram at Märtha Louise og Durek Verrett blir vigde på Vinjevollen i Geiranger laurdag 31. august.

Sjølve bryllaupsfesten skal vere på Hotell Union Geiranger.

Politiet har søkt Luftfartstilsynet om løyve til å stenge luftrommet over Geiranger i perioden 30. august til 2. september, men NRK og TV 2 har fått løyve til å bruke drone innanfor luftrommet, utanom vigselen og eit par andre høve.