Sju gripne etter opptøyane i Southport
0
Sju personar er gripne etter dei valdelege opptøyane i Southport tysdag, opplyser politiet.
Og dei reknar med å gripe fleire i tida som kjem, skriv The Guardian.
– Det går føre seg eit omfattande arbeid for å identifisere dei som er ansvarlege for desse fryktelege hendingane, og vi skal finne alle som var involvert, seier politisjef Tony Roberts.
Politiet går gjennom videomateriale og bilete for å finne dei som var innblanda.
Opptøyane starta etter at tre barn blei drepne med kniv i Southport av ein 17 år gammal gut.