BT: Pårørande etter NAV-drapet varslar mogleg søksmål
20. september 2021 blei Marianne Amundsen drepen i Nav sine kontor på Årstad i Bergen.
Familien til Amundsen har tidlegare uttalt at tryggleiken på Nav-kontoret ikkje var god nok.
John Christian Elden, bistandsadvokat for Amundsen sine born, seier til BT at han har sendt eit forvaltningsmessig krav mot Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Brevet som vart sendt førre veke, skal også vere eit varsel om søksmål.
– Nav kunne, og burde, sett i verk fleire tiltak for å førebygge angrepet og dei alvorlege konsekvensane av dette for Marianne Amundsen og dei etterlatne, blir det skrive i brevet.
Brevet viser også til rapporten frå Arbeidstilsynet som påviste brot og avvik ved Nav Årstad.
– Hovudpoenget deira er at Nav må ta ansvar som arbeidsgjevar og ikkje risikere å setje andre i same ubeskytta situasjon som deira mor, skriv Elden i ein tekstmelding til BT.