Iran åtvarar Israel om at angrep i Libanon vil få konsekvensar
0
Talsperson for det iranske utanriksdepartementet Nasser Kanaani åtvarar Israel mot «nye eventyr» i Libanon.
– Ei ignorant handling frå Israel kan føra til at omfanget av ustabilitet, usikkerheit og krig i regionen blir større, la han til.
Israelske styresmakter har skulda Iran-støtta Hizbollah for rakettangrepet som drap både barn og tenåringar på Golanhøgdene søndag. Israel seier landet står overfor ein fullskala krig.
Hizbollah har på si side nekta for å stå bak rakettangrepet i Majdal Sham på dei israelokkuperte Golanhøgdene.
Israels militære (IDF) sa søndag at dei har angripe Hizbollah-mål «langt inne på libanesisk territorium og i det sørlege Libanon» med fly. Opplysningane er ikkje enno stadfesta av andre kjelder.