ru24.pro
World News
Июль
2024

Framleis over 150 sakna etter migrantforlis i Mauritania

0
NRK.no 

Minst 150 personar er enno sakna etter at ein migrantbåt gjekk ned utanfor kysten til Mauritania måndag, skriv Reuters.

Så langt er kring 15 personar stadfesta døde.

– Det var 300 migrantar på båten som forliste. 120 av dei har blitt redda av Mauritanias kystvakt, seier Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM).

Fire barn som har blitt separert frå foreldra sine er blant dei som har blitt redda, ifølge IOM.

Ifølge organisasjon kom migrantane frå Gambia og var på veg mot Europa då båten forliste utanfor hovudstaden i Mauritania Nouakchott. Årsaka til ulukka er ukjent.