Frontkollisjon mellom bubil og MC i Sogn
0
Det har vore ein frontkollisjon mellom ein bubil og ein motorsykkel på fylkesveg 55 ved Klokkarstoi, mellom Luster og Sogndal.
Hendinga skjedde under forbikøyring i ei 70-sone.
– Den eine på motorsykkelen blir frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse, den andre blir køyrd med ambulanse til Førde sjukehus. Per no er det ukjent skadeomfang, seier Morten Rebnor, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Dei to i bubilen skal vere uskadde. Bilbergar er på staden.
På sommarstid pleier det å vere stor turisttrafikk på denne vegen.
NRK på staden opplyser at eitt køyrefelt har opna. Det er manuell dirigering på staden.