Skjerpar sikkerheita etter dødsulukke på leirskole
0
Stabbursdalen leirskole i Porsanger har skjerpa rutinane sine etter ei ulukke i mai, då ein 12 år gamal gut drukna.
– Me ser i ettertid at det er ting me kunne vore betre på, seier dagleg leiar Gjermund Thomassen til NRK.
Dei har no planlagt fleire tiltak for å unngå at noko liknande skjer i framtida.