To nye ungdommar knytt til knivepisoden i Luster
0
Gjennom etterforskinga etter knivangrepet i Luster i juni har politiet identifisert ytterlegare to personar som dei meiner kan knytast til valdsepisoden.
– Det er ein person på 14 år som har lokal tilknyting, og ein person på 16 år som ikkje er lokal. 16-åringen er sikta for medverknad til grov kroppskrenking, det same er mistankegrunnlaget for 14-åringen, seier politiadvokat Kristine Knutsen-Berge til NRK.
Totalt er seks personar sikta og ein person mistenkt etter valdshendinga i Luster.