Sikta for drapsforbund blir internert
0
Mannen som er sikta for å ha planlagt å drepe eit familiemedlem i Trondheim, skal internerast hos Poltiets utlendingsenhet (PU) i inntil fire veker.
Det bestemte Oslo tingrett måndag. Mannen vart sett fri frå varetekt fredag og vart pågripen av PU.
Sikta har søkt asyl i Noreg fordi han fryktar for livet sitt om han blir sendt ut av landet.
Han har tidlegare fått avslag på opphald. No skal Utlendingsdirektoratet behandle saka på nytt.