Begge ankar etter gruppevaldtektssaka
0
Begge dei to som er dømde for grov valdtekt og medvirkning til valdtekt av ei jente under 14 år i Molde, ankar dommen.
Ein 19 år gamal mann blei dømd til fengsel i 5 år, ein 18-åring til 5 1/2 år.
Forsvarar for 19-åringen, Axel Lange, seier han er usamd i dommen og vurderingane til retten, men ønskjer ikkje å utdjupe dette. Frå før er det kjent at også 18-åringen ankar.
Valdtekta skjedde utanfor Molde domkyrkje i fjor sommar, midt på dagen.
Ein gutegjeng på fem var på ulike måtar involvert, men dei tre yngste var for unge til å dømmast.
Ankesaka går for Frostating lagmannsrett i august.