ru24.pro
World News
Май
2024

BT: Kvinne og gut sikta for drap

0
NRK.no 

Ei kvinne (23) og ein gut (17) er sikta for drap etter at ein 18-år gamal mann vart funnen død i Bergen sentrum, melder Bergens Tidende.

Frå før er ein 21-åring sikta for drap i saka.

Kvinna og guten som no er sikta for drap har tidlegare vore sikta for å ha etterlatt ein person i hjelpelaus tilstand.

Dødsfallet vart først omtala som eit overdosedødsfall av politiet, men vart førre månad koda om til drap.18-åringen vart funnen død i ei leilegheit november i fjor, etter at politiet rykka ut på ei bekymringsmelding. I leilegheita fann politiet òg dei tre som no er sikta for drap i saka.