Sakna kvinne funnen i live
0
Ei sakna kvinne i Ålesund er funnen i live. Det melder politiet. Kvinna har vore sakna sidan søndag kveld.
– Det var politiet si hundepatrulje som fann kvinna, etter at eit vitne hadde tipsa om rop frå området, melder politiet.
Kvinna skal vere uskadd og får vidare oppfølging frå helsevesenet.