Aukar løyva til Forsvaret etter Malaysia-transport
0
Det kosta 2,7 millionar kroner å frakte kong Harald heim frå sjukehuset på ferieøya Langkawi i Malaysia i mars. Det går fram av det reviderte statsbudsjettet.
Difor foreslår regjeringa at løyva til Forsvaret, som stod for heimtransporten, aukar med 2,7 millionar kroner. Pengane tek dei frå budsjettet til Forsvarsbygg.