ru24.pro
World News
Май
2024

Det danske kongeparet på plass i Oslo

0
NRK.no 

Dronning Mary og Kong Frederik av Danmark har kome fram til Honnørbrygga i Oslo. Dei to skal besøka Oslo dei neste to dagane.

Kongeparet har segla til Oslo i kongeskipet «Dannebrog».

På brygga står kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit, kong Harald og dronning Sonja klare for å ta imot dei kongelege naboane.

Besøket skjer på dagen fire månader etter at kong Frederik og dronning Mary blei Danmarks nye kongepar – og på dagen 20 år etter at dei gifta seg i Vor Frue kyrkje, domkyrkja i København.