ru24.pro
World News
Май
2024

Vann delvis fram i Høgsterett

0
NRK.no 

Ei ålesundskvinne har vunne delvis fram i Høgsterett. Ho og ei kvinne frå Østfold hevdar at dei har blitt tvangsmedisinerte over 100 gonger, og meiner det er i strid med sentrale rettskonvensjonar.

Både tingretten og lagmannsretten har tidlegare sagt nei til å behandle saka, og mellom anna vist til at den omstridde behandlinga skal ha skjedd for mange år sidan.

Høgsterett slår no fast at kvinnene har rett til å få sakene sine behandla, men berre det som har skjedd etter 2013. I tillegg er dei tilkjent 550 000 kroner for omkostningane med rettsakene.