ru24.pro
World News
Май
2024

Vil henta opp kvikksølv frå naziubåt

0
NRK.no 

Regjeringa vil henta opp mest mogleg kvikksølv frå ubåtvraket som ligg på havbotn utanfor Fedje i Vestland, før dei dekker til båten.

Det fortel fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) på eit pressetreff i Knarvik måndag morgon.

Heving av vraket vart sett på som for risikofylt.

Ubåten vart brukt av nazistane under andre verdskrig, men var først oppdaga på havbotn i 2003. Sidan då har det vore diskutert korleis ein best skal fjerne vraket.