ru24.pro
World News
Май
2024

Lamaflokken på rømmen er heime igjen

0
NRK.no 
Lamaflokken på rømmen er heime igjen

Sju lamaer rømde frå heimen sin i Gjøvik fredag morgon, truleg etter å ha vorte skremde av noko. No er dei heime igjen, opplyser eigaren.

– Lamaene er under kontroll. Ein gardbrukar tilbaud kubeite, og å køyre dei heim på hengar. Dei gjekk fint og pynteleg etter meg til kubeitet. God kraftfor er ein favoritt. Så no kan eg snart ta helga, seier eigar Elin Solhaug til Oppland Arbeiderblad.

I åttetida fredag morgon vart lamaene observerte ved Grande skule.

– Dei har nok vorte skremde av eit eller anna. Det er sjeldan at dei stikk av så langt, sa Solhaug då.

Bilete viser ein av lamaene som blei henta inn igjen etter at den hadde vore på rømmen.