ru24.pro
World News
Май
2024

Yohan Shanmugaratnam fekk NTBs språkpris for 2023

0
NRK.no 
Yohan Shanmugaratnam fekk NTBs språkpris for 2023

Journalisten Yohan Shanmugaratnam i Klassekampen blei tildelt NTBs språkpris for 2023 under Nordiske Mediedager i Bergen torsdag.

– Han behandlar kompliserte tema med innsikt og genuin nærleik til stoffet. Det gir eit inntrykk av ærlegdom og ein skribent som både er open og sårbar, seier juryleiar og NTB-redaktør Ole Kristian Bjellaanes.

Prisen har vore delt ut sidan 2007 og går til ein redaksjonell medarbeidar som utmerker seg med eit godt skriftleg nyheitsspråk gjennom året.

Shanmugaratnam, som er fødd på Sri Lanka, er den første som ikkje har norsk som morsmål som er tildelt prisen.