ru24.pro
World News
Май
2024

Argentina kuttar renta til 50 prosent

0
NRK.no 

Sentralbanken i Argentina har torsdag sett ned styringsrenta frå 60 til 50 prosent, melder Reuters.

Det er det tredje rentekuttet på tre veker fordi inflasjonen fell raskare enn venta.

Den årlege inflasjonen er framleis nesten 300 prosent.

Argentinas president Javier Milei blei innsett i desember med eit løfte om å redusere dei offentlege utgiftene og redusere inflasjonen.

Sparetiltaka har blant anna ført til kutt i subsidiar, fjerning av tusenvis av offentlege arbeidsplassar og slutt på fleire sosiale program.