ru24.pro
World News
Май
2024

Politiet bruker tåregass mot demonstrantar i Georgia

0
NRK.no 

Politiet bruker tåregass og sjokkgranatar mot demonstrantar som onsdag kveld har samla seg i gatene i hovudstaden Tblisi i Georgia, melder Reuters.

Demonstrantane protesterer mot eit nytt lovforslag som krev at organisasjonar og verksemder som får meir enn 20 prosent av finansieringa si frå utlandet, må registrere seg som utanlandske agentar.

Eit fleirtal i nasjonalforsamlinga stemte onsdag for det omstridde lovforslaget.

Det gjorde at titusenvis av demonstrantar samla seg utanfor nasjonalforsamlinga for å protestere.

Presidenten i Europakommisjonen, Ursula von der Leyen, seier ho fordømmer valden mot demonstrantane.

EU har åtvara Georgia mot at lovforslaget kan få konsekvensar for dei har inne om å bli EU-medlem.