Brann på skule i Sortland
Naudetatane er på plass ved Sortland barneskole etter melding om brann. Klokka 23:29 blir det meldt om at det er kontroll på staden og brannen er sløkt. – Brannen er sløkt. Dei har kontroll og det er ikkje spreiiningsfare til andre bygg, stadfestar Andreas Skindlo hjå 110-sentralen til VOL.no. Politiet melde før det at inngangspartiet på barneskulen var overtent, og seinare at det var spreiingsfare til Sortland vidaregåande skole som ligg vegg i vegg. Folk blir bedne om å trekke unna staden grunna mykje røyk. Читать дальше...