OL-medaljevinnar reiser tilbake til Georgia
Grace Bullen, som tok bronse i 62-kilosklassen i fribryting i Paris, reiser onsdag tilbake til Georgia. Der held ho fram satsinga mot OL i Los Angeles i 2028, men neste haust flyttar ho heim til Norge. – Eg hadde ikkje planlagt å vende heim til Norge om ikkje trenaren min Zurab Iakobishvili skal gjere det same, i tillegg til at forbundet har bestemt seg for å satse på kvinnene, seier Bullen til NRK. Tidlegare i haust vart det kjent at Bullen vender tilbake til det norske landslaget, men ho skal likevel ha base i Georgia dei ti neste månadane. Читать дальше...