Tak blåste av hus i Bjørnafjorden – bebuarar evakuerte
Deler av taket på ein firemannsbustad i Hagavik i Os har blåse av, flydd om lag 100 meter og treft ein husvegg. Ingen er heime i huset og ingen er skadde. Det melder politiet. Det skal også vere skade på taket til eit idrettsbygg og eit anna bustadbygg, der taket skal ha letta og landa igjen. – Bebuarane i bustadbygget er evakuerte til ein brannstasjon i nærleiken. Det er usikkert om det er trygt å opphalde seg der, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i politiet. Politiet har ikkje tal på kor mange som er evakuerte endå. Читать дальше...