Politiet jaktar på Puigdemont
Politiet i Barcelona leitar etter den tidlegare katalanske separatistleiaren Carles Puigdemont, melder BBC. Dei har sett opp vegsperringar både i byen og vegane rundt. Puigdemont dukka torsdag opp utanfor det katalanske parlamentet i Barcelona, og heldt ein kort tale til støttespelarar, før han forsvann. Dei siste sju åra har Puigdemont budd i eksil, etterlyst av politiet etter at han leia eit forsøk på å lausrive Catalonia frå Spania i 2017.
